Kjøpsutbyte 

Fitjar Kraftlag SA er eit samvirkelag og ein av fordelane med å vera medlem er at ein vil motta kjøpsutbytte basert på den handelen ein har med laget (dvs. at den som kjøper mest får mest kjøpsutbytte). Me sel breiband (Altibox) og kraft.

I 2020 vert det betalt ut kjøpsutbytte frå all handel i 2019.

Dette er på same måte som ein får kjøpsutbyte frå til dømes COOP og Gjensidige.

Kjøpsutbytte vil bli delt ut av ein andel av overskotet i selskapet kvart år.

Fitjar Kraftlag har tidligare ikkje gjort dette, men endringane me gjorde i 2018 har gjort at me kan starta med årleg kjøpsutbyte.